Røst

I dag legg me ut bilder frå Røst. Det er mykje fin natur å fotografere.Her ser det gjestebrygga der båten vår ligg fortøygd. Det er den bakerste.Denne båten som har heimehavn her, vart levert frå Mundal Båtbyggeri i begynnelsen på mars.På dette skiltet står det Fiskarheim. Er dette heimen til fiskane?På Røst fortøyer dei enten båten ligg på sjø eller land.Har du bruk for tak over inngangspartiet, stablar du berre nokre paller i høgda og legg plater over.Fiskehjeller var det over alt på Røst.På dette huset står det Rorbucamp. Er det for måkane?Heime eg me vandt til å ta inn turrhøy med traktor og tilhenger, men her samlar dei inn tørrfisk.Fine fotomotiv er det ikkje vanskeleg å finne.Me likar toppturar, og her på Røst er det høgaste punktet 11 meter over havet, så turen gjekk fint.Røst har Norges største Jokerbutikk. Der fekk me det me hadde bruk for. Til og med Hansaøl.

 

I dag hadde me bestemt oss for å utforska Røst ein heil dag. Me våkna til eit brukande vær. Det var litt godt å ha ein lang og god frokost. Etterpå plukka me fram syklane og sette dei på land. Me leigde ein ekstra sykkel på hotellet slik at me hadde kvar sin . Me tok oss god tid å utforska øyna. Me var og såg på flyplassen deira. Det bur 535 innbyggjara her, og dei har egen flyplass. Kommunikasjon til å frå øyna er god. Nede i havna låg ein båt som Atle kjende til. MS Rosøy, som har heimehavn her, vart levert av Mundal Båtbyggeri i begynnelsen av Mars i år. Me trefte på eigaren, og fekk full omvisning om bord. Før me sykla tilbake til båten, var me innom butikken for litt handling. Me lever godt. Plan videre for kvelden er ein god dusj og kanskje ein tur på puben.

Annonser

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *