Vestfjorden til Røst.

Her set eg på frivakta mi og filosoferer over inntrykka frå turen så langt.Denne flotte skuta tok oss att.  Navnet på den er: Oceania frå Gdansk. Den er på veg til Tromsø. Skippar Atle styrer skuta med stødige hender.Her er det eg som har rorvakt.Sigmund tar sin tørn og .Her har me starta innseglinga til Røst.

 

 

Etter å ha studert vêrmeldingane grundig i går kveld, bestemde me oss for å kryssa Vestfjorden i dag. Det var meldt Frisk bris til liten kuling frå sørvest. Det var ein vindretning som passas for kryssing. Me la frå kai kl. 08.30, og som vanlig regna det når me gjekk. Men etter eit par timar letta det og me fekk ein del sol med oss på vegen over. Seglasen var  fin, og etter kvart bygde det seg opp bølger på 1,5-2.5 meters bølger. Me segla inn til Røst kl. 19.30.

Endelig har me kome fram til Lofoten, som var vår store draum.

I dag har me segla 71 nautiske mil. Her på Røst har me bestemt oss for å liggja over ein dag, så det vert fleire bilder herifrå i morgon kveld.

Annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *