Daglige arkiver: 17. juni 2017

Brønnøysund-Sleneset

  • Her seglar me inn til kaien på Ylvingen.Kafeen på Kaien der Tv serien «Himmelblå» vart spelt inn.Her ser de butikkjen der mange av opptaka vart spelt inn. Den er for øvrig til salgs.Atle står og ser fornøgd på båten sin.Dei sju søstrer inntulla i skodde.Dei sju søstre frå ein annan vinkel, men fortsatt omkransa av skyer.  Det er mangefine fjellformasjoner som dukkar opp når me seglar forbi.Lovund stikk opp frå havet med kondensskyer rundt seg.Sleneset Båtforening der me tok kvelden.

 

 

I dag våkna me til regn. Me åt ein god frokost før me fann fram regnkleda og løyste fortøyningane. Målet for dagen var Sandnessjøen.  På vegen kom me på at me ville ein tur utom Ylvingen for å sjå på plassen der dei spelte inn Himmelblå. Kanskje var himmelen der ute blå? Me fann plassen og gjekk på land for å sjå på bygningane. Kafeen på kaien var i drift, men dei opna ikkje før kl. 11,00 så me venta ikkje på det. Då me seilte derifrå slutta det å regna, men himmelen var fortsatt ikkje blå der heller. Etter ein del timar kom me til Sandnessjøen.  Dei sju systrene var ikkje så lett å  sjå tydelig på grunn av skyer.

Me la til kai for å bunkre diesel og mat. Klokka var ikkje meir enn 16.00 og vinden var fin så me beslutta å fortsetja litt til. Etter nokre timar fortøyde me  ved Sleneset Båtforening sin gjesteplass. Eit anlegg som er verdt eit besøk.

I dag har me vore på reis i elleve timar, medrekna stopp i Ylvingen og Sandnessjøen. Utseilt distanse  er 60 sjømil.

Annonser