Daglige arkiver: 16. juni 2017

Torghatten og Brønnøysund

Her har me fortøyd båten.Skiltet ved vegen viste kor me skulle starta.Sigmund studerer omgivelsane.Utsikt mot Brønnøysund.Litt av nokon dimensjonar. Svein Åge og Atle i holet.

Atle på veg ned trappa til andre sida.Utsikt sørover.Eg og Sigmund .Slik ser det ut frå landsida .Dagen i dag skulle verta den første utforskardagen på denne turen. Målet vårt i dag var Torghatten. Kl.07.50 kasta me fortøyningane i Rørvik og sette kursen nordover. Sola skinte og temperaturen var ganske god. Me hadde vinden beint i mot, så noko segling vart det ikkje i dag heller.

I totida fortøyde me båten og tok fatt på ein tur på asfaltert veg i ca. 3 km. Det var godt å bevega seg etter så mange dagar i båt. Turen opp til holet i fjellet var ikkje så tung for oss fjellvante gutar, men det var ein del stigning og nokre trappetrinn ein måtte gå.

Det var litt spektakulert å gå gjennom holet. Det er større enn det ser ut  frå sjøen. Vi valgte å gå gjennom og tilbake til båten frå den andre sida. Det vart ein fin tur som me ikkje angra på at vi tok. Totalt gjekk me 10.5 km i dag, så me er fornøgde.

Siste etappen til Brønnøysund gjekk på ein liten time. I Brønnøysund er ein midt i Norge. Det er like langt til Nordkapp som det er til Lindesnes.

Totalt har me segla 46 nautiske mil i dag.

 

Annonser