Rørvik

Bildet over viser inngangen til Nordnorge.

Innsegling til Rørvik havnMåsen har bygt reir på alle tilgjengelige stadet, f. eks. på taket og i døråningane til desse sjøbueneBåde nord- og sørgående hurtigrute låg til kai i Rørvik i kveld. MS Trollfjord og MS Polarlys.

 

I dag nådde me eit av våre delmål. Då me segla under brua til Rørvik starta det virkelige lofoteventyret. Til no har det vore mest ein transportetappe, sjølv om det har vore mykje fint å sjå på undervegs. Som det står i havneguiden : «Når du er på veg nordover er Rørvik starten på ein av dei aller vakraste strekningane langs vår lange kyst».

Turen i dag har vore fin den. Heile Folda viste seg frå si beste side. Ikkje ein einaste vindkrus å sjå på sjøen på alle dei timane me brukte. Ikkje det kjekkaste for oss i ein seglbåt, men me klarte å nyta overfarten likevel. I kveld har me vore litt rundt i Rørvik og sett på byen.Me var på kaien og tok farvel med både  nordgåande og  sørgåande hurtigruta.

I dag har me segla 65 nautiske mil og brukt 8,5 time.

 

 

Annonse:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *