Daglige arkiver: 14. juni 2017

Kristiansund -Kuringvågen marina Stokksundet 14.Juni

Ein tysker i en liten båt på vei nordover. Båten er under 20 fot og har seilt heilt frå Hamburg.Mange fine fotomotiv underveisHurtigruta Richard With på vei sørover i TrondheimsleiaRormannen har gode dager i dette været. Fare for å verta solbrent.

Det øverste bildet i dag viser Kjeungskjæret fyr, og ein annan fyr.

I dag vakna me til solskin. Kl.08.00 la me frå kai for vidare seglas mot det store målet, Lofoten. Det var ikkje ei rokka på sjøen, så me var innstilt på motorkjøring. Trondheimsleia er lang. 4 timar på ein kurs, så 10 grader justering  og så 3 timar på neste kurs. Me hadde medstraum så me logga over 9 knop på det mesta. Me passerte ein Tyskar i ein liten seglbåt ,og det var så vidt det seig på fram med han. Han heldt vel på med leia enda. Temperaturen var oppe i 24 grader ei lita stund før me fekk litt havtrekk, og då seig den til ca.15 grader. Tross lite aktiviteter om bord var det mykje å sjå på. Spesielt då me nærma oss Ørlandet. Det var eit vakkert landskap me segla gjennom. Me kom fram til Stokksund i Nord-Trøndelag i åttetida i kveld etter 12 timar på reis.   Me tok det roleg om bord med sjølvlaga middag(laga av Svein Åge). I dag har me forflytt a oss over 80 nautiske mil.

 

Annonse: