Ålesund til Kristiansund 13. juni

Avreise frå Ålesund kl. 08.00 i grått vær og regnbyger. Målet for dagen var Kristiansund, ein strekning på 62 nautiske mil. Dei 2 første timane kjørde me for motor. Så blåste det opp litt, og vindretningen var babord låring, slik at genakkaren vart sett. Var litt  spent på Hustavika, eit havstykkje som kan vere ganske tøft.men gunstig vindretning og 5-10 sekundmeter vind så vart det ein fin tur over. Det var så mykje regndis at det er vanskeleg å ta bilder av naturen rundt, men det for me komme tilbake til når me kjem på helgelandskysten. Me nådde målet kl 18.00, så det gjekk 10 timar på turen i dag. No skal me ha ein etterlenkta dusj, og kanskje det vert middag ute i kveld og. Det med middag ute kan ikkje verta ein vane med tanke på det store matberget me har med oss.

Annonser

En tanke om “Ålesund til Kristiansund 13. juni

  1. Per Ole Ekker

    Heisann – flotte saker. Bildet av styrmann Fyllingen ligger på framsida på bloggnorge.no. Stilig.

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *