Daglige arkiver: 11. juni 2017

Avgang Litlebergen søndag 11. juni

Lofotdraum. I mange år har eg lest reiseskildringar frå folk som seglar rundt i verden. Min store draum har vore å segla til Lofoten. Ideen tok form ein kveld i haust. I ein alder av 62 år var det på tide å realisera draumen. Skal ein venta til det passar så kjem ein aldri av gårde. Eg spurte ei skulekamerat av meg, Atle, om ikkje tida var moden for ein slik tur. Han tente på ideen med ein gong. Det er ikkje nokon ulempe at han har ein 43 fots seglbåt heller.  Me har segla ein del i lag før, blant anna to turar til Shetland. Sigmund som var med på dei turane ville vera med oss  ein del av turen. Me sette datoen til 11. Juni, og no er vi i gang. Eg kjem til å leggja ut bilde og korte kommentarar frå turen. Helsing Svein Åge

Annonser