Månedlige arkiver: juni 2017

Veiholmen-Ålesund-Runde

Her seglar me ut frå havnen på Veiholmen.Me skal segla gjennom ei paddemyr.Atle leitar etter dei rette stakane slik at me kjem trygt fram. No er me komt ut på havet. Her er det eg som har vakt.I dag er menyen raspeballar.Maten blei godkjent. Han var så fornøgd at han tok oppvasken etterpå.Kom det ein båt forbi måtte eg ta eit bilde.Her møtte me sjølvaste kongen, Ms Kong Harald.Litt av båten innvendig.Bloggkroken.

Her er me komt til Runde. Legger ut nokre bilder som eg tok frå havnen der me låg.

Starten ut frå Veiholmen gjekk ikkje før kl. halv ni i dag. Sola vermde og det var heilt stille på havet. Atle sette kursen rett ut i havet.Me gjekk ca. ti nautiske mil ut for å komma utenom den enorme paddemarka av holmer og skjer som er rundt Smøla. Havet viste seg frå si beste side. Det var berre nokre store dovne havdønninga som rulla innover. Du får ein slik fantastisk fin vugging i båten.

Målet for dagen var Ålesund. Heile dagen gjekk med, men med dette  veret var det berre ein fornøyelse. Me kom til Ålesund i ni tida i kveld. Kjørde inn og fylte diesel, men det er fredagskveld og heile havna var overfylt med båtar. Me valde då å gå videre. Kanskje finn me plass på Runde. Er vel der i halv tolv tida. Me nærmar oss heim no, og det vert lengre og lengre dagsetappar. Kanskje er det heimlengselen som har begynt å merkast. Me kom til Runde litt før halv tolv, og her var det god plass til å overnatta.

Annonse:

Sauøya-Veiholmen.

Sauøya.Utruleg mange vakre småhus på denne øyna.Det var akkurat plass til oss bak denne tyskaren.Ei lun og fin havn.Bilde frå havna.Småhusidyll.Kreativiteten er storVelstelt og fint.

 

 

Kl. 08.00 reiste me frå Halten. Det blåste ein frisk bris frå nordaust, så me fekk ein flott seglvind. Målet for dagen var Veiholmen som ligger ytterst på Smøla. Øya har veiforbindelse med Smøla. Det er eit vei stykkje som er sammensatt av bruer og fyllinger mellom holmar og skjer.E39 slutter her.

Etter å ha segla ei stund svinga me innom Sauøya for å sjå kor det såg ut der. Me var innom havna, men gjekk ikkje i land. Turen vidare var ein lystseilas med eit fantastisk ver. Me sette kursen utom Smøla, men etter kvart auka vinden på. Då me såg fyret på Veiholmen hadde me ein liten kuling med ein fela rotesjø. Men med den dyktige skipparen me har så gjekk det fint. Etter å ha fortøygd båten gjekk me på land, og i dag fortjente me ein bedre middag ute.

Halten

Her er ei bilde frå Havneguiden fire over innseglinga til Halten.Innseglinga med fyret i bakgrunnen.Bilde fortel meir enn tekst.Mange fine hus her ute.Vegen mot det gamle fiskemottaket.Denne har sett sine beste dagar.Utsikt frå fyret.Den gamle radaren har blåst over ende.Skarvongar på reir under ein robåt.

 

Etter å ha vore på butikken ,fylt diesel på båten, var me klar for å gå frå Rørvik. Sidan vêrmeldingane var gode beslutta me at me ville gå ut i havet til Halten.Me stilte inn kursen og gjekk i 8 timar sør vestover. Det var lett å vere rorvakt i dag.Havet viste seg frå si beste side, og kursen var jamn. Me har no mange gongar høyr vêrmeldingane der dei nevner haltenbanken utan å tenkt meir over det. No veit me kor det er. Halten er etablert som fiskevær i 1779.Det kunne vere bortimot 1000 fiskarar der i høysesongen. I 1988 flytta dei siste fastbuande herifrå. På sommaren er det rutebåt 3 gongar for veka, og det er mulig å leige overnatting på plassen. Fantastisk plass.

 

Vega-Brønnøysund-Rørvik.

Her seglar me ein tur inn til gjestebrygga på Vega.No skal me segle gjennom Brønnøysund.Tok nokre bilder når me segla forbi.Lurar på kva ei slik leilighet kostar.Her er skal me gå under brua i Brønnøysund. Torghatten i bakgrunnenDet er ein del fine eigendomar på begge sida på leia.Kjempeflott beliggenhet.

 

 

I dag vakna me tidlig. Kl.07.00 åt me frokost, og kl. 08.00 la me frå kai. Me hadde ein lang segltur framfor oss. Rørvik var målet vårt i dag. Dagen starta med regn og disig. Vinden var god så seglet gjekk opp med ein gong. Etter ein times tid letta det opp, og etter kvart kom sola fram. Etter å ha segla nokre timar fekk me lyst å leggja turen om Vega. Me var innom gjestehavnen og såg oss litt rundt, men me segla videre gjennom Brønnøysund. Me overnatta der på vegen opp over, så me gjekk ikkje i land. Leia gjennom der er så fin at me hadde lyst å gå gjennom ein gong til. Etter ein lang dag på sjøen kom me fram til Rørvik kl. 19.45. I kveld lagde me oss middag om bord i båten. Etter ein god dusj og litt bloggskriving kjem me til å ta tidlig kveld.

Sandnessjøen.

Her passerar me polarsirkelen på veg sørover.Båten er fortøyd ved brygga på Sadnessjøen.Det blei kinamat i dag, og den smakte.Her er eg god og mett.To taubåterGågata i SadnessjøenTraff på kjentfolk.Fine petunia oppsatser.Ein kjent prest og salmeforfattar,Petter Dass.Berømt for pizza står det på skiltet. Tolk teksten som de vil.Ein krigshelt.Ein blomsteroppsats.

 

Me er no på veg sørover. Polarsirkelen passerte me ca. kl. 12.00,så no får me ikkje sjå midnattsola lenger. Me hadde Sandnessjøen som mål for dagen.Kl17.30 var me fortøyd. Dagen i dag har vore disig med litt regn i lufta. Vinden var god så me har segla ein god del. Det vert tatt lite bilde under turen for tida. Er liksom litt utlada på inntrykk. Tok ein del bilder her i byen berre for å ha noko på bloggen. Lofotdraumen er realisert, men det vert vel litt å sjå på heimvegen og. Me kjem nok til å satse på lange etapper nedover kysten.

Bodø-Bolga.

Her seglar me ut frå Kjerringøy.Ein seglbåt som kjem ut frå havna i Bodø.Innseglinga til BodøHe har me funnet oss ein kaiplass i Bodø.Det er mange store flotte seglbåtar frå alle land som ligg ved flytebryggjena .Her går Sigmund av båten for siste gang på denne turen. Han skal reise med fly heim.Her står han å lura på om det var rett å forlata oss no.Me vert aldri lei av å sjå på desse flotte fjella. Synd at bildet ikkje kan gje det rette inntrykket.Me har fortøygd i havna på BolgaRett ved ein fin Resturang.Måsen tar i mot oss.

Me har no starta på heimvegen. Sigmund kan ikkje vera med oss lenger, så me segla mot Bodø, der han ville i land. Der skulle han først treffe sin son og svigerdatter, som er på ferie der. I morgon drar han heim med fly. Det har vore svert kjekt at  Sigmund har vore med på tur. Me kjem til å sakna han. Men Atle og eg finn vel  heim likevel. Då me hadde tatt farvel med Sigmund sette me kursen sørover. Me leita i kartet etter plassar me vil besøkja på heimvegen, plassar som ligg passelege dagsetappar framme. I kveld fortøya me ved ei bryggja i Bolga. Då me såg at det var ein flott restaurant i enden av landgangen, måtte me berre ha middag der. I morgon er det meldt liten til stiv nordaustleg kuling, så me får ein fin bør sørover. Vert det for gale ligg me i ro.

Kjerringøy.

Fin seilas over Vestfjorden mot fastlandet.Me passerte eit muddringskip i ei lei me for forbi.Skipparen har frivakt.Sigmund står og passar på at me kjem trygt fram.Flotte fjellformasjoner  i området.Innseglinga.Inne i havna på Kjerringøy.Her vert båten fortøyd på Kjerringøy.Ankerdram høyrer med når båten er fortøyd.Her får karane servert middag. Lapskaus og øl.Bilder frå Kjerringøy gamle handelstad.

 

I dag segla me ut frå Henninsvær som var vår siste stopp i Lofoten. Kursen vart sett mot Kjerringøy. Me fekk ein flott start på turen med lettskya ver og 7-8 sekundmeter vind frå ein gunstig retning. Me segla i ca. to timar, då stilna vinden, og me starta motoren. Etter ein del motorkjøring  kom vinden tilbake og me veksla mellom motor og segl. I sekstida la me til kai i Kjerringøy. Etter ein god middag tok me regnklede på  og besøkte den gamle handelstaden på Kjerringøy. Handelsstaden er bevart i sin opprinnelige form og har vore brukt i filminnspelingar av mange av Knut Hamsun sine romanar, blant anna «Benoni og Rosa» og «Telegrafisten.» I tillegg til «Jeg er Dina», etter Herbjørg Wassmos bok. Staden er no museum og galleri med ulike arrangement gjennom sumaren.

Svolvær-Kabelvåg-Hennigsvær.

Slik såg det ut når me vakna i dag tidleg.Her seglar me ut frå Trollfjorden.Speilblankt hav og fine fjellformasjonar vert eit kunstverk.Her inne ligg ein brønnbåt og lastar fisk frå eit fiskeoppdrett.Me får aldri nok av dei flotte fjellformasjonane her nord.Me nermar oss Svolvær.Her i innseglinga til Svolvær Står fiskarkona og ser etter fiskarane i havet.Her i Svolvær ligg endå ein båt som er bygd hos Mundal Båtbyggeri. Litt vanskeleg å fotografera med mobilkamera, men i bakgrunnen er «Svolværgeita» Slik ser gjestebryggja ut når me kjem til Kabelvåg. Torget på kabelvåg Andre vegenEin annan vinkel.Her er det berre til å stressa ned.Atle og Sigmund fortøyer båten i Henningsvær.No er det berre å venta på ankerdrammen.Her kosar me oss med rømmegraut.Her på Iddretsanlegget var det laga til jonsokbål og fest.Her oppe begynner kunstgrasbana jammen å spira.Utsikt over stilt hav mot Lofotveggen.

Klokka er 00.15 når dette bildet vart tatt. MIDNATTSOL.

I dag vakna me til den finaste dagen så langt på ferien. Himmelen var knallblå og det var heilt vindstille. Etter ein god frokost starta me turen til Svolvær. Me segla forbi mange fine fotomotiv. Vert aldri lei av å sjå på slikt. Me var innom Svolvær og åt ei god fiskesuppe. Der ved kaien låg det enda ein båt som Atle har vore med å byggd. Det er den tredje me har møtt på turen.

Turen til Kabelvåg gjekk for segl  i 3 knops fart. Det var så fint på sjøen at me berre kosa oss. Dette fiskeværet var ein gong det største i Lofoten. Etter eit kort opphald og litt proviantering fortsastte me til Henningsvær der me ville overnatta. . Her var det jonsokfeiring på idretsplassen, men me laga til rømmegraut i båten, og med litt spekekjøtt og øl til hadde me ei fin stund. Etterpå gjekk me og såg litt på bålet, men det var nesten utbrendt. Men me avslutta kvelden med nokre øl på ein restaurant i sentrum.

Og no har klokka passert tolv og me skal ut og sjå på midnattsola!

Gimsøystraumen-Trollfjorden.

  • UB I dag hadde me eit flott segleværGjennom Gimsøystraumen møtte me denne seglbåten fra HollandHer har me kursen mot Melbu Skipparen kosar seg under slike forhold.Her ligg me til kai i MelbuEin fin liten plass i innseglinga til TrollfjordenHer ser det korleis det ser ut på kartmaskina når me går inn i Trollfjorden.No ser me inn i Trollfjorden.Utsikt innifrå og ut.

Her set eg og skriv innlegg i bloggen.

Kl.23.30 kom hurtigruta Ms Lofoten inn i fjorden og snudde. Som han sa turisten som hadde reist med Hurtigruta: «Eg trur ikkje kapteinen visste kor han skulle, for han gjekk inn i ein fjord som han måtte snu i »

I dag gjekk me frå kai i 9 tida. Målet vårt i dag var å segla på nordsida av Lofoten, og ein tur til Vesterålen. Me la kursen mot Gimsøystraumen. Det er ein ganske kraftig straum som kan renne med 5-6 knops fart. Me hadde ikkje sjekka kva vei den gjekk, men det viste seg at vi hadde 2 knops medstraum, så det gjekk fint. Ute på andra sida kom me ut på storhavet, det og viste seg frå si beste side. Me heiste segl og hadde det trivelig i nokre timar. Me segla mot Melbu i Vesterålen for å kjøpa oss bollar. Det tok eit par timar, men det var verdt det. Melbu er det nordligaste punktet me har vore på denne turen.  Vidare gjekk me for segl mot Raftsundet. Der er og ein sterk strøm, men vi var heldige denne gongen og, 4 knopp medstraum. Midt i straumen går Trollfjorden inn. Me la kursen inn der og fann ut at her skal me overnatta. I Trollfjorden er det ikkje dekning av verken telefon eller internett. Kva skal ein då gjera på ein heil kveld. Men me oppdaga eit lite skilt på veggen til Trollfjord Kraft der det sto at det var fri wifi her. Det er viktig for å få bloggen ut. Eg måtte på land å skriva for det var ikkje forbindelse nedi båten. Litt før kl 23.00 kjem hurtigruta inn her og snur.

 

Nusfjord-Ballstad-Stamsund.

  • Nusfjord er eit av Norges eldste og best bevarte fiskevær. Det har vært drevet fiske frå Nusfjord siden midten av 1800 talet. Innseglinga til NusfjordInne på vågenMåse på reir. Let seg fotografera.Ei samling av gamre radioar, diverse ekkolodd og asticHer kjører me syklar om bord.Pålasting av sykkelvesker og syklar.Eit kjekt par frå HollandSegling langs Lofotveggen mot BallstadInnsegling BallstadNermere Ballstad.Redningskjøyta ved kai i Ballstad..Her er Ballstad Slipp sitt verkstadbygg. Det er eit maleri på heile veggen.Så er me komt til Stamsund.Her står juletreet enda.I dag har me segla.Flotte vindforhold for segling.

 

Turen i dag starta ikkje så tidlig. Me segla ut frå Reine og sette kursen mot Nusfjord. Det er eit gammalt fiskevær frå midten på 1800 talet.  Det er det fiskeværet som er best bevart i Lofoten, Det er i dag eit slags museum som vert besøkt av mange turistar. Då me var der kom det ei busslast med tyskarar. Me fekk spørsmål frå eit ektepar frå Holland kor tid lokalbåten skulle gå derifrå. Dei trudde sikkert me var lokale innbyggjarar. Det går ingen lokalbåt frå Nusfjord til Ballstad. Men Atle tilbydde dei plass med oss sidan me skulle same vegen. Me sparde dei for mange timar sykling. Dei var kjempefornøgde, hadde ikkje vore i ein seglbåt før, og fekk sjå Lofoten frå ei ny side. Me slepte dei av ved brygga til Ballstad Slipp. Atle skulle inn der for å sjå om han fant ein brytar til seglbåten. På veggen av verkstadbygget til slippen var det malt eit stort maleri. Det er nordauropas største veggmaleri. Då me reiste derifrå sette me kursen til Stamsund. Ein plass der Hurtigruta har stopp. Me fekk ein flott seglas på det strekket. Me overnattar her.